31. august 2009

Are Kalvø

Denne uka har vi fått i oppgåve å enten skrive eit innlegg om novella "Matt 18.20" av Bringsværd og nemne nokre verkemiddel og sei noko om kva eg trur temaet er eller skrive ei kort melding av showet til Are Kalvø. Vi må skrive på nynorsk.

Eg valde å skrive om forestillinga til Are Kalvø. Han var på skulen min førre veke og prata om litt av kvart. Han er ein kjend nynorsk forfattar og satirikar. Kalvø har gitt ut ein rekke verk og debuterte som forfattar i 1994 med boka ''Absolutt Oslo''. Tidleg på 90-talet dukka han opp som programleiar i det kjende radioprogrammet, ''Hallo i uken'' på P2.

Grunnen til at han kom på skulen vår var fordi han skulle reklamere for nynorsk. Det gjorde han på ein virkeleg artig måte. Kalvø prøvde å motivere oss til å jobbe med nynorsken vår. Han mente vi kunne se på nynorsk som ei vei ut i karrierelivet. Dersom du er flink til å skrive nynorsk, og skriv nokre bøker på nynorsk, vil du garantert bli kjend, sa han! Han snakka også om kor lett ein blir sett på som smart om ein snakkar nynorsk. Det er lettare å få suksess, dersom du skriv på nynorsk - det kan han kanskje ha rett i?

Det er nok ikkje mange som kjem til å gløyme Are Kalvø sin forestilling med det fyrste. Det var ein veldig underholdene foretilling. Eg likte spesielt godt ironien han brukar som hjelpemiddel. Det einaste eg synast var litt dumt, var at han til tider prata litt for fort og eg fekk ikke alltid med meg kva han sa. Grunnen til det var nok også fordi både elevar og lærare lo så godt av han!

Det var ein formidabel forestilling! Terningkast: 5

Ingen kommentarer: